Søndagsstykke med Julie Røssland

Kven: Julie Røssland
Ensemble: Orkester
Verk: Geirr Tveitt - A Hundrad Hardingtonar - Suite nr.1

Dirigentstudentar ved Universitet i Stavanger har som ein del av studiet sitt at dei skal lage eit eige prosjekt som går over eit halvår, der dei skal fordjupe seg i et tema som kulminerer i ein konsertpresentasjon. I mai gjorde dirigentstudent Julie Røssland ferdig sitt prosjekt, eit djupdykk i den første Hardingtonesuiten til Geirr Tveitt. Det er ein komponist ho har hatt eit nært forhold til, og det fall seg naturleg å fordjupe seg i nett hans musikk.

Tveitt er jo frå same område som meg, og eg har også gått på same gymnas som han. Han hadde også ei nær tilknytning til det musikalske livet på Voss, og når orkesteret heime spelde musikk av han kan eg hugse at Tveitt aldri vart introdusert med biografiske fakta. Det var alltid ein anekdote eller historie som var med på å gjere han og musikken veldig levande for meg. Når eg då skulle gjere eit prosjekt av denne sorten fall det veldig naturleg for meg å fokusere på hans musikk, og eg valde meg ut første suite frå Hardingtonane. Sjølve prosjektet mitt delte eg i i tre deler, og den første delen handla om personen Geirr Tveitt. Eg har hatt fleire samtalar med Gyri Tveitt, og har lese det det eg har kome over av litteratur om komponisten for å danne meg eit godt bilete, fortel Julie. Vidare gjorde ho også praktiske studier, og valde å utforske kjeldematerialet på ein måte som viste seg svært matnyttig.

Den andre delen av prosjektet mitt handla om det folkemusikalske i musikken hans. På ein måte tykkjer eg det er for gale at eg ikkje har visst meir handfast om denne bakgrunnen, sjølv om eg er frå Voss og har vakse opp rundt miljøet. Den intuitive kunnskapen har nok vore der for meg, men eg kjende at at eg kunne alt for lite om området likevel, fortel Julie, som fann fram til ein veldig innovativ måte å tilnærme seg det folkloristiske elementet i musikken hans.

Eg fekk kontakt med fire folkemusikarar, to felespelarar, ein folkesongar og ein langeleikspelar. Dei fekk utdrag som eg hadde valt ut frå den første Hardingtonar-suiten, som dei kunne spele for meg på sitt vis. Til saman fekk eg då ein god bank med lydklipp som eg kunne bruke til inspirasjon i arbeidet mitt med konserten, fortel Julie, og fekk dermed eit solid datagrunnlag for å argumentere for det folkemusikalske aspektet i Geirr Tveitt sin musikk.

Eg kjenner heilt klart at eg har funne bevis for at Geirr Tveitt vil at suitene hans kan spelast på ein folkloristisk måte. Det er mellom anna mykje å finne i notasjonen hans, han er veldig bevisst i strøksetting, og det er veldig tydeleg at han har ein klar tanke bak korleis han ønsker strykarane skal nytte bogen for å få den rette fraseringa, fortel Julie. Innspela ho hadde fått frå folkemusikarane, kombinert med grundige partiturførebuingar, danna til slutt eit grunnlag for ei reflektert tolkning, der somme deler av musikken kunne linkast meir opp mot det folkemusikalske enn ein kanskje er vand med å høyre.

Eg tykkjer det er viktig å gjere bevisste val når ein vel ei slik tilnærming, slik at ein er tydeleg på når Tveitt heller mot det folkloristiske eller meir tradisjonell europeisk kunstmusikk. Orkesteret tykte det var veldig kjekt å frasere på ein meir folkemusikalsk måte, og eg tykkjer mykje av musikken kom mykje meir til liv med ein gong. Vi testa fleire av ideane eg hadde fått frå folkemusikarane, og jobba saman for å finne det rette uttrykket og teknikken. Det var også utruleg kjekt å erfare at også folkemusikarane syntes prosjektet var kjempeinteressant, alle svara umiddelbart positivt og ville gjerne være med, fortel Julie entusiastisk.

Den soleklart største delen av arbeidet var likevel førebuinga av notematerialet, og det gikk med adskillige timar i å rett og slett lage ein eigen utgåve av verket.

Vi hadde tilgang til bilete av manuskripta, og etterkvart som vi byrja å sjå nærare på Tveitt sitt materiale var det ofte klinkande klart kva han har tenkt eller meint med musikken. Mange av feila i den trykte utgåva er ikkje til stades i manuskripta i det heile. Det kan være ein så enkel sak som at ein dynamikk som i manuskripta er plassert mellom to system skal gjelde for begge instrument, og dette er ikkje reflektert i den trykte utgåva, fortel Julie, som gjekk grundig til verks for at det skulle bli riktig. I førebuinga endte ho dermed opp med å lage eit eige, privat materiale som ho kunne nytte for å realisere prosjektet slik ho ønska. Det var også naudsynt å håndtere materialet riktig, då det er rettighetsbelagt frå forlaget, og ein ikkje kan gjere nett som ein vil med tanke på bruk.

Eg starta heilt frå scratch, og la inn heile manuskriptet frå Geirr Tveitt inn i noteprogram. I tillegg har eg laga ei kritisk liste bakerst, med kommentarer til kjelder og avveiningar som eg har gjort. 

Det har vore enormt mykje arbeid, og sjølv om det ikkje har mangla på velmeinte åtvaringar veit ein jo ikkje det før ein står med begge beina godt planta i prosjektet. Eg har i alle fall ikkje angra på at eg gav meg i kast med det, og har lært utruleg mykje. Eg har også fått god hjelp, først og fremst frå min professor Bjarte Engeset. Sidan eg ikkje hadde nokon erfaring med editering før eg byrja med prosjektet, var det godt å få vegleiing på dette. No som eg vel har gjort arbeidet kjenner eg at eg har langt større forståing av arbeidet som ligg bak eit partitur og dei ulike utgåvene ein kjem over. Eg har forsåvidt alltid vore bevisst i med tanke på kva utgåver eg kjøper av partitura mine, men eg skjønner enno betre no kva som er skilnaden på ei god og dårleg utgåve, fortel Julie.

Eit så grundig arbeide gir også endå betre forståing av musikken ein jobbar med, ein får det verkeleg inn under huden.

Sidan eg har ført inn kvar einaste tone og dynamikk i notene i arbeidet mitt, kjenner eg at eg har vorten kjend med estetikken på ein heilt annan måte. Det hadde ein enorm verdi når eg då skulle stå på podiet og ta eit musikalsk val, eg hadde eit heilt anna grunnlag i botn. Intuisjonen og bakgrunnskunnskapen gjorde at det var ikkje noko tvil om kva eg ville gjere, og eg har lært utruleg mykje av dette prosjektet, avsluttar Julie.

Forrige
Forrige

Tett på: Juleoratoriet med Alvilde Riiser

Neste
Neste

Søndagsstykke med Øystein Fevang