Søndagsstykke med Bjarte Engeset

Kven: Bjarte Engeset
Ensemble: Korps og kor
Verk: Krigsseglarrekviem av Morten Christophersen 

Det er somme historiar som krev litt ekstra når dei skal forteljast. Når ein skal forhalde seg til dei dei mest fundamentale tema i liva våre, har musikk og kunst evna til å fortsetje der orda våre må gi slipp. Kunstnarlege uttrykk kan hjelpe ettertida å forstå og setje menneskelege kjensler og handlingar i kontekst uavhengig av tid og stad.

I slutten av mai skal Marinemusikken saman med Den Norske Operas Kor endeleg få framføre Krigsseglarrekviem av Morten Christophersen, eit verk som no har vore pandemiutsett i to år. Det breitt anlagte verket fortel historia til ei gruppe mennesker som vart utsett for store påkjenningar både under og etter 2 verdskrig, fortald med deira eigne stemmer. Framføringa vert leia av Bjarte Engeset, og vi fekk ein prat om verket, og korleis ein kan førebu seg til ei slik stor mental og musikalsk oppgåve.

Marinemusikken har hatt eit nært forhold til krigsseglarsaken i lang tid, og det er fleire som har sagt at dette er den viktigste ideen til eit verk dei nokonsinne har hatt. Min første konsert den tida eg var sjef for korpset var faktisk i konvoibyen i Risør, og eg hugsar godt då ein av krigsveteranane der las opp eit dikt han hadde skrive om sine opplevingar under krigen. Så korpset har heile tida hatt ein spesiell relasjon til dette, og eg kjenner at det dannar ein ekstra sterk bakgrunn når vi skal gjere denne framføringa. Vi må hugse at det var tusenvis av sivile nordmenn på havet som uforvarande havna i krigen i 1940, dei var eit offer for krigen og gjorde ein uvurderlig innsats. Samstundes er dette også eit nasjonalt traume, dei vart ikkje godt behandla då dei kom attende, korkje av regjeringa eller samfunnet. Eg kan sjølv hugse fleire i mitt nærmiljø som sleit med alkoholmisbruk, og hadde det vondt, fortel Bjarte.

Eit verk som skal ta tak i ei slik kraftig og sårbar materie krev mykje av den som skal komponere det, og for Bjarte låg det nært å varmt anbefale komponisten Morten Christophersen når dei skulle velge kven som skulle tonesetje krigsseglarane sin historie,

Morten var eit heilt naturleg valg for meg, eg visste han hadde erfaring med å skrive for både blåsarar og kor, og at han hadde eit veldig godt grep om verk av denne storleiken. Eg visste også at musikken hans kom til å tale til eit stort publikum, og at han hadde ein solid kjennskap til den musikkhistoriske tradisjonen, fortel Bjarte, som tidleg var i kontakt med Morten og utveksla idear og inspirasjonskjelder til verket. Ein stor del av forarbeidet gikk på å finne den riktige librettoen, og Morten la ned eit stort og viktig arbeid i å samle saman tekster som kunne brukast i verket. Dette skulle verte ein essensiell del av grunnmuren til komposisjonen.

Det som er spesielt med akkurat dette verket er at mykje av tekstane er henta frå seglarane, gjennom brev og dagbøker dei sjølve har skrive. Morten har gjort ein stor innsats med å finne og samle kjelder, og har gjort eit grundig og samvittighetsfullt arbeid med å velge ut og sette saman tekstene til ei gripande forteljing, fortel Bjarte

I partituret står kjeldene notert med navn, og det er også med korte biografiar som fortel om historien til kvar enkelt krigsseglar som er sitert i verket. Tekstane til krigsseglarane er sett i kontekst med tekstar frå dødsmessa både på latin og nynorsk, og saman med vid bruk av musikkhistoriske og lydmalande referansar er resultatet ei heilstøpt og kjenslevar beretning. Under samtalen viser Bjarte fram fleire stader i partituret med gripande tekst og musikk, der håpet, redslene og kjenslene til sjømenna vert skildra. I krysningspunktet mellom tekst og musikk oppstår heile tida nye samanhengar, og det er fleire musikalske referansar i verket. Andre stader er dei berre synleg i notane. På slutten av verket står det skrive inn TAKK! øverst i partituret. Det einslege ordet får stå for seg sjølv i noten, for publikum vert det fortald gjennom tonane.

Det er skrive mange hyllester og bøker om krigsseglarane, men eg trur dette er første gongen at stemma til seglarane sjølve kjem fram i eit kunstnarleg uttrykk på denne måten. Det at Morten får oss til å lytte til dei er utruleg viktig, og eg vert audmjuk av at det er nettopp krigsseglarane si stemme vi skal formidle, fortel Bjarte, som ikkje legg skjul på at han har vorte prega under innstuderinga av verket.

Det første eg kjenner på er at det er utruleg gripande tekstar, eg vert heilt matt av å lese dei.

Det er ikkje alt dei seier som er som ein forventer, ein av seglarane fortel t.d. at «ingen av kameratane mine gav livet sitt for fedrelandet, det var den helvetes krigen som tok det.». Eg vart overraska over at eg reagerte så sterkt då eg fekk tekstene. Samstundes er det viktig, som dirigent at eg kan ha ein viss distanse, eg kan ikkje verte for tynga ned av ansvaret og innhaldet. Jobben vår er å hjelpe utøvarane til å formidle, og eg må ta ansvaret for at alt vert kommunisert på best mulig måte.

Eit verk er heller aldri komponert eller framførd i eit vakuum, ein er prega av det ein kjenner frå fortid og notid. Og for Bjarte er det noko grunnleggande menneskeleg i å kunne få oppleve og dele dette saman med andre.

Eg ser enorme kvaliteter i verket som Morten har skapt, det er sjeldan eg ser ei så meiningsfull bestilling. Tida vi er no i bringer oss også nær problematikken som verket tar opp. Musikken går inn i ein stor samanheng, den representerer så mykje meir enn bare seg sjølv. Eg kan trekke ein parallell til ein av mine første store musikalske opplevingar, første gongen eg dirigerte Verdi sitt Requiem. Eg kjenner at slike store verk har ein slektskap, det er noko til felles i det å kollektivt forholde seg til dei store tema som død, krig og liding. Kjenslene vert formulert i musikken og det er ein slags kollektiv terapi. Å kunne dele ei slik oppleving og erfaring er ritualer på sitt aller beste.


Forrige
Forrige

Søndagsstykke med Øystein Fevang

Neste
Neste

Søndagsstykke med Maria Molund