Mandagsmorgen med Kjetil Almenning
Kjetil Almenning har si utdanning frå Oslo og Stockholm, og vart som 30-åring tilsett som domkantor i Bergen Domkirke. Der starta han opp Bergen Domkor, og han har også leia fleire renommerte kor gjennom karriera. Når vi spør Kjetil om kva som inspirerer han som dirigent er dedikasjonen i ensemblet hans noko av det aller første han trekk fram.
I prosessen med at vi ikkje får lov til å arbeide har vi hatt tid til å reflektere litt over kva som held oss ihop som kor. Det eg har sett med songarane i eit såpass godt kor som Bergen Domkor er at dei vil være med for å synge best mogleg musikk saman i same rom, og jobbe mot same mål. Det at dei har felles mål og perspektiv om kva dei vil oppnå med å synge saman, vert ein konkret målestokk og gulrot som i seg sjølv skapar stor motivasjon. Og det vart ekstra tydeleg for oss at vi deler dette målet, når moglegheita til å synge saman vart røva frå oss, seier Kjetil, og snakkar varmt om viljen og energien i ensemblet.
Ein viktig målestokk for meg då eg byrja arbeidet med koret, var om eg kunne ane ei ibuande kraft i ensemblet som var større enn meg og at eg kunne kjenne at koret som institusjon ikkje var avhengig av at det var nettopp eg som stod foran dei. Sjølv om eg skulle bestemme meg for å slutte, skal Bergen Domkor kunne leve vidare i all si kraft, og pandemien har synt meg nettopp at det bur ein slik grunnleggande tryggleik og motivasjon i koret. Det er ein redsel i kormiljøet for tida at koristar forsvinn ut og ikkje kjem tilbake, men den kjensla deler ikkje vi når vi kjenner at behovet for å synge bra musikk saman ligg der som ein grunnmur. Og vi veit vi kjem tilbake når forutsetningane er til stades for å møtast att.
Under normale høve er dagen fylt med øvingar og jobb, og kvardagsmagien som skjer når ein opplever musikk saman er ei viktig kjelde til inspirasjon for Kjetil.
Om eg skal beskrive det som inspirerer meg må det være møtet med den klingande musikken. Kvar einaste gong eg står framfor ensemblet og får skape fersk-klingande musikk i lag med andre, får eg ei solid påminning om kor mykje eg likar faget mitt. Eg har fått kjenne at det faktisk er merkbart kor mykje denne kjensla er ferskvare, om det går for lang tid mellom kvar gong eg dirigerer er det nesten som eg tenker at eg kunne gjort noko heilt anna enn å dirigere. Men straks eg står framfor koret att og kjenner at musikken kling, så veit eg at det er her eg høyrer heime, og det er ein grunn til at eg vil være akkurat her, fortel Kjetil, og ser fram til at livemusisering nok ein gong er normalen.
Det snakkast om korleis ein kan gjere ting digitalt i framtida, men det er ikkje noko som kan måle seg med det fysiske møtet, det at folk kan sitte i lag, skape i stunda og oppleve musikk saman. Det kjem heilt klart å kome sterkt tilbake. Det er noko heilt spesielt med den augeblinken når du kan sjå og høyre nokon puste liv i ein tone med ekte engasjement.
Det er nesten så banalt som at god musikk inspirerer meg. I bunn er eg kanskje ein typisk handverkar, og verdset det konkrete litt meir enn det abstrakte. Slik sett kan eg fint sjå at ein komposisjon er av god kvalitet, og setje pris på det arbeidet som ligg bak i å skape verket. Men kanskje derfor vert det ein ekstra motivasjon når eg også kjenner inni meg at det er bra musikk, og gåsehuda kjem utan at eg klarer å sette konkret fingeren på akkurat kvifor. Å kjenne på denne ikkjeverbale x-faktoren; at noko skjer når eg får høyre ei bra framføring av god musikk er veldig fint, fortel Kjetil, og avslører at han er ganske åpen når det kjem til sjanger.
Det går jo i mykje kormusikk på jobben, men heime går det mest i pop og jazz. Eg sit også i eit utvalg i Kulturrådet, og får høyre voldsomt mykje forskjellig musikk der. Eg får heldigvis då bekrefta at eg er altetande og nysgjerrig, og det er ei morsom og fascinerande reise i ulike sjangrar.
Sjølv om aktivitetsnivået for dei fleste kulturarbeidarar har minka, har det ikkje mangla på prosjekt å henge fingrane i for Kjetil. For nokre år sidan kjøpte han og kona eit stort forsamlingshus i Breim i Nordfjord, og har dei siste åra nytta mykje av eigen tid på å pusse opp. Huset rommar mellom anna ein stor forsamlingssal med plass til 120 mennesker, og tanken er at det både skal fungere som hytte for familien, samt at dei kan leige det ut for kunstnaropphald.
Eit slikt prosjekt er stor inspirasjon på alle vis, vi såg denne salen og skjønte at vi kunne gjenåpne eit lokale for eit samfunn og fylle det med nytt liv. Vi tenkte heilt frå starten at dette skulle være eit hobbyprosjekt, og at det fekk ta den tida det tar. Når ein skal pusse opp heile 365 kvadratmeter er det viktig å ta vare på dei små og store gledene undervegs, og ikkje la seg frustrere over storleiken på prosjektet. Det er mange etappesigrar ein kan fryde seg over på vegen, fortel Kjetil, og peiker på overføringsverdien det kan ha til andre område i livet.
Det er fint om ein også klarer å ha med denne gleda og tolmodet også når ein jobbar med musikk, og glede seg over små sigrar som ein perfekt utført frase eller sluttakkord.
Klarer ein å formidle dette og la gleda smitte til dei du jobber med, får ein ein kontinuerlig motivasjon og beløningsprosess som gjer at ein heile tida får lyst til å strekke seg vidare til neste mål.
Bli inspirert av Kjetil Almenning
Foto:Live Austgard