Mandagsmorgen med Kjell Seim

skodvin_bfu_01_1400px.jpg

Med sine 65 år har Kjell Seim vore ein del av norsk musikkliv i ein mannsalder, og har lang erfaring som orkester- og operadirigent, mellom anna som kunstnarisk leiar på operaen i Kristiansund i ei årrekke. Og det nærmar seg snart stort jubileum for Kjell si dirigentkarriere, han er berre ikkje heilt sikker på kva tal ein skal setje fremst.

Litt avhengig av korleis eg tel så har eg anten 40- eller 50-årsjubileum som dirigent snart. Min første profesjonelle jobb hadde eg i 1982, så det er 40 år sidan om eitt år. Men min første betalde dirigeringsjobb hadde eg allereie som 17-åring i 1973, så om eg ventar litt får eg eit mykje høgare og rundare tal på jubileet mitt, spøker Kjell når vi spør kvar det heile starta.

Som ungdom fekk Kjell tidleg musikalsk ansvar, og vart som 17-årig elev ved Voss Gymnas spurd om han kunne samle tre skulekrinsar og danne eit skulekorps. Og han trekk tidleg fram møtet med ein spesiell lærar som det første verkelege møtet med ei inspirasjonskjelde.

Vi hadde ein flott hovudlærar på musikklinja på Voss som heitte Rudolf Zwartjes, og han betydde utruleg mykje for oss. Han hadde opprinneleg vore fiolinist i Holland, og sett seg lei på stresset som var der nede, og eg trur han såg nok ei moglegheit til å kome ein rolegare stad og bygge opp noko frå botn av, seier Kjell, og legg ikkje skjul på den djupe verknaden eit slikt møte hadde på eit ungt musikarsinn frå Hardangervidda.

Frå botn av bygde han opp eit utruleg bra miljø, vi hadde mellom anna eit musikklinjekor som vann NRKs ungdomsklasse tre år på rad. Han var nok ein av dei første eg møtte som gradvis pensa meg inn på dirigering. Når han til dømes underviste om Stravinsky fekk eg låne partitur og plateinnspeling av Vårofferet, slik at eg kunne forsøke å forstå denne musikken. Og på 50-talet hadde Rudolf faktisk spela i orkester under Stravinsky sjølv, så han visste jo kva han tala om, fortel Kjell og medgår at dette er nok det nærmaste han nokon gong kjem til å kome den russiske komponisten.

Deretter gikk ferda vidare til studier i Oslo, og også her var det venlege oppmuntringar frå lærarar som først og fremst leia Kjell vidare til dirigering. Draumen om å kunne stå i front av eit orkester var i startfasen nett det, ein draum.

Eg kom til Oslo rett før Oslo Konserthus åpna, og kan godt hugse å sjå orkestra på scena og draume: Tenk om ein kunne stå der og leie eit orkester, fortel Kjell. Han dirigerte litt gjennom den første studietida, men det var oppmuntringar frå lærarar og omgjevnader som gjorde at Kjell våga å ta spranget over til dirigentpodiet for fullt.

Vi hadde Olav Anton Thommessen i musikklære, der vi blant anna hadde ensembler som eg dirigerte. Han meinte at dette burde eg gjere noko meir med, og eg enda opp med å søke på diplomstudiet i direksjon. Akkurat det kjende eg som ei forpliktning, det var noko viktig som endra seg då eg tok det valet. Fram til då hadde eg alltid vore spurd om eg kunne kome for å dirigere, men nå var det noko eg sjølv ville og var nødt til å svare for.

Vel ute i den profesjonelle verda har Kjell hatt som prinsipp av å alltid møte orkester med same innstilling, og har eit veldig effektivt grunnprinsipp som fungerar bra i møte med alle slags ensembler.

Eg set ikkje ned krava om eg jobbar med amatører eller ungdom versus profesjonelle, det eksisterer jo ikkje amatøriske fraseringar eller dynamikkar. Musikken vi spelar er den same, og ein kort tone skal være ein kort tone uansett kven som spelar den. Ein kjem jo sjølvsagt lengre i prosessen med eit profesjonelt orkester jamnførd med amatørar, men målet og den musikalske opplevinga er den same. Og på vegen dit er det ingen pardon, seier Kjell, som alltid kjenner det skjer noko spesielt i det ein står på podiet.

Det er såklart nokre få gonger dei siste førti åra der eg ikkje alltid har vore like motivert før prøvestart. Men det skjer alltid noko magisk i den augneblinken eg går på podiet, der er det for meg kriminelt og ulovleg å ikkje vera motivert. Det kan gå tre sekund, så er eg med ein gong oppslukt av arbeidet og kobla på musikken. Då er det alltid slik det skal vere, eg kan ikkje hugse nokon gong at eg har kjeda meg på ein prøve. Når du då står der gir ein musikken all merksemd, og det er nok alltid ei slags drivkraft i det, musikken må takast på alvor.

Dette musikalske alvoret har mellom anna hundrevis av ungdommar fått møte gjennom eit av Kjell sine hjertebarn, Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester. Han starta opp orkesteret i 1997 under navnet Ung Symfoni, og har der gitt tallause unge talent si første erfaring med kva det vil seie å være ein ordentlig orkestermusikar.

Det er viktig å la ungdommar få sjansen til å smake på det musikalske livet, og kva ein kan oppleve gjennom orkestermusikk. Vi er den einaste orkesterskulen i Noreg, og er eit fast ensemble som møtest fast minst ein gong i månaden til øvingar. Alle andre tilbod i landet er prosjektbaserte, og der skiller vi oss ut. Det er utruleg viktig å lære seg kva det vil seie å stije i eit orkester og lære seg å lytte. Og det er stas å sjå at medlemmer frå orkesteret sin start no sit i mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, den ringen kan vel knapt nok verte rundare.

I orkesteret får ungdommane møte mengder av repertoar, dra på turnear og møte høgt kvalifiserte instruktørar og gjestedirigentar. Ser Kjell likskapar og paralleller med opplevinga han fekk som ungdom på Voss i møtet med Rudolf Zwantjes, er ringen slutta der også?

Det har eg faktisk ikkje tenkt på på den måten, om eg skal være heilt ærleg. Det er vanskeleg å setje seg inn i andres tanker, men om det er nokon som har møtt meg i ein eller annan samanheng dei siste 48 åra som kjenner eit snev av den kjensla eg hadde er det heilt fantastisk.

Som dirigent skal ein også sørge for eige påfyll, og det er naturleg for Kjell å søke roen i fjellheimen der han vaks opp på Hardangervidda, få kilometer frå Finse. Men han er også aktiv med å reise ut i verda for å hente inspirasjon, og fekk i 2017-2019 Statens Arbeidsstipend som gjorde det mogleg å reise verda rundt for å henta inn inspirasjon frå dei aller beste orkestre og dirigentar. Via kontakter fekk fekk han helse på orkester i både Europa og USA, og kunne både observere prøvar og konsertar, samt lære om korleis dei jobba med sine ungdomssatsningar.

Ein vert heller aldri ferdig med å ha sine mentorar, og Kjell snakkar varmt om sine førebilete som han studerte med tidleg i karrieren, namn som Karsten Andersen, Arvid Fladmoe, Aldo Ceccato og Jorma Panula. Innimellom får ein også møte det næraste ein har rojalitet i vår bransje, som den gongen han fekk ein halvtimes audiens og samtale på tomannshand med Leonard Bernstein etter ein konsert i Oslo. Og ein vert aldri for gamal til å oppsøke og observere nye heltar.

Det er viktig å reise ut og erfare topp orkestre og konserter for å la seg inspirere. Mi siste studiereise var eg i Chicago, London og Berlin, og fekk mellom anna følge prøvene til Ricardo Muti i Chicago og Simon Rattle i Berlin. Det er viktig at ein ikkje trur at ein har alle løysingar sjølv om ein er 65 år gamal, det er heile tida nye ting å lære og la seg inspirere av. Berre det å sjå korleis dei jobbar og løyser problem og utfordringar er utruleg lærerikt, så eg kjem til å fortsetje med å reise ut så lenge eg har lov å flyge!

Bli inspirert av Kjell Seim og Oslo filharmonien

Forrige
Forrige

Mandagsmorgen med Tone Bianca Sparre Dahl

Neste
Neste

Mandagsmorgen med Kjartan Klingen