Mandagsmorgen med Bjarte Engeset
Å begynne å liste opp CV-en til Bjarte Engeset tar gjerne litt tid, han har ei lang karriere i inn- og utland, gjort adskillige plateinnspelingar med fleire orkestre, og er særs mykje nytta som gjestedirigent. Inntil nyleg var han sjef for Den Kongelige Norske Marines Musikkorps, og han er nå også aktiv som professor ved dirigentutdanninga på UiS i Stavanger. I tillegg har han ei spesiell interesse for norsk musikk, og leier arbeidet med fleire kritiske utgaver av norsk musikk. Det er difor ikkje overraskande at samtalen vår spenner vidt når me tar ein prat med han om inspirasjon.
Når eg tenker på begrepet inspirasjon er det naturleg for meg å først tenke tilbake på det som tende gnisten i meg heilt i starten. Nokre enkeltopplevingar står att som spesielt sterke, eg kan mellom anna godt hugse eit av dei første store verka eg dirigerte. Eg var ung student, og skulle leie Verdi sitt Rekviem i Ålesund kyrkje. Kjensla av å vite at det sit 1000 menneske bak deg, du ser inn i auga på 160 koristar, det er trompeter på galleria, og du har fire solistar som syng frå hjartet; Eg kjende det i heile kroppen, at dette er noko eg vil halde fram med, å oppleve denne fellesskapskjensla når alle dreg mot det same målet og er på same stad. Det gav meg stor motivasjon og inspirasjon til å halde på vidare.
Når han nå adskillige år etterpå skal beskrive kva som er ingrediensane i ein kunstnerisk suksess, trekker han mellom anna fram intuisjon og lytting som to viktige element.
No kjenner eg at det både er inspirerande og givande når konsertar vert som eg drøymde om, og i tillegg heilt annleis enn forventa. Det er noko spesielt med det magiske som kan hende i ein konsertsituasjon, og eg har vel opplevd meir og meir at det som ikkje er fullstendig planlagt ofte vert best. Å sleppe til intuisjon i musiseringa er viktig for meg, ellers går eg gjerne glipp av dei moglegheitene som kan oppstå når ein er open og lyttande, seier Bjarte, og gir fleire døme på korleis lytting og intuisjon har opna opp for slike spesielle musikalske augneblink.
På slutten av Corigliano sin symfoni nr 1 er det til dømes ein duett mellom to celli, og eg hadde ikkje forstått fullt ut frå partituret kor sterkt og rørande det partiet kunne være. På konserten var det som det opna seg opp, og eg fekk oppdage det saman med musikarane.
Det er nok fleire som trur at dirigenten står der og bestemmer, og utelukkande skaper sin musikk. Då ser dei ikkje kor mykje samspel som er i biletet, at det heile tida handlar om å gi og ta. Som dirigentar kan vi gi og lytte, samstundes som vi veit at vi påverkar og har eit ansvar for å leie.
Som musikar kan ein kome eit godt stykke på rein intuisjon, men utan eit godt grunnlag kjem ein fort til kort, og Bjarte understreker kor viktig det er med eit godt kunnskapsfundament i bunn.
Dersom ein kan musikken ein skal dirigere godt, og har gjort grundig forarbeid med gode analyser av harmonikk, instrumentasjon og så vidare, så får inspirasjon og intuisjon eit sterkt fundament å leve på. Der har eg også latt meg inspirere og lære av dei beste sjakkspelarane. Det finnes jo mange ulike typer spelarar der, men ein ser t.d. at dei som framstår som mest intuitive alltid har eit solid fundament med kunnskap dei har lært og kjenner att. Sett utanfrå kan det sjå ut som dei berre set seg ned og skjønar korleis alt heng saman med ein gong, men det er alltid basert på enorme mengder opparbeida kunnskap, og det er først då det verkeleg kan fungere godt.
For dei som kjenner Bjarte er ikkje sjakkinteressa hans ei voldsom stor overrasking, og den føyer seg inn i eit bredt felt av ting og områder som vekker interessa hans.
Livet består jo av mange andre ting enn å berre stå på podiet. For meg er naturleg nok mine næraste viktigare! Eg likar godt å undervise, og har stor glede av å bla i manuskript og utarbeide utgåver av musikk. I tillegg har eg også stor interesse av litteratur og historie, fortel Bjarte og røper at han også har teke utdanning i norsk språk og litteratur.
Det som har med estetikk og historie å gjere har alltid inspirert meg, og for meg er det alltid mykje å hente i desse felta. Dei fleste dirigentar har noko i livet som gir inspirasjon også utanom podiet, så ein behøver ikkje berre være på jakt etter neste konsertoppleving for å få påfyll, det kan kome frå noko heilt anna enn musikken.
På same måte som vi kan hente inspirasjon frå så mange ulike kjelder, kan ein og finne motivasjon og drivkraft i å ville dele det som kan verke tungt og vanskeleg ved første augekast. Bjarte har klare tankar om akkurat det temaet.
Inspirasjon som uttrykk vert jo ofte nytta i positiv forstand, noko lyst, optimistisk og gledesfullt. Men eg tenker ein kan like gjerne finne kraft i andre emosjonar og erfaringar, vi vert også drivne fram som menneske av vanskelege opplevingar. Det er ein del av livet, og viktig å dele sjølv om det kanskje ikkje alltid er enkelt, fortel Bjarte, og trekk fram eit verk som var planlagt urframført denne hausten.
I november skulle eg leia ei uroppføring av Krigsseilerrekviemet komponert av Morten Christophersen, saman med Marinemusikken og Operaens kor. Diverre vart vi råka av nedstengninga i Oslo før konserten fann stad. Rekviemet er meistarleg komponert og for meg vart det svært gripande. Det vaks ut av eit så forferdeleg tema, men det er tematikk som eg kjende det var viktig å dele. Eg meiner vi kan bruke ordet inspirasjon også i slike samanhenger. Av og til beveger det omgrepet seg inn i landskap der noko tragisk har hendt, og det var jo verkeleg eit grusomt mareritt krigsseilarane måtte gjennomgå. Men gjennom dette verket kunne vi kome så nær dei.
For meg er det mykje å hente i historia bak verket, og i måten det er komponert. Teksten er m.a. frå krigsseglarane sjølve, ord dei skreiv ned i si ytterste fortviling medan dei var på sjøen. Eg har også lest bøkene til Jon Michelet om krigsseglarane i førearbeidet mitt, og eg har møtt og snakka med fleire etterkomarar og fått høyre historiane deira.
Det er kanskje då litt merkeleg å nytte ordet inspirasjon, men det er noko kraftig i dei fortellingane og møta som skapar ei sterk drivkraft inni meg. Det gjer at eg verkeleg kjenner at eg ønsker vere med på å dele musikken og kjenslene med andre. For meg er også dette inspirasjon.
Bli inspirert av Bjarte Engeset
Foto: Warsaw Philharmonic