Mandagsmorgen med Bjørn Sagstad
- Eg skjøna at møtet med mennesker i denne jobben er noko av det eg set utruleg høgt, og som gjev meg mykje inspirasjon. Det er ikkje alt ein skjønar før det vert teke vekk, og Korona vart for meg ein viktig påminnar om kor mykje eg let meg inspirere av møter med andre menneske. Og då snakkar eg ikkje berre om dei eg jobbar saman med frå podiet, det er publikum, alle som jobbar bak scena, i administrasjonar, ja også resepsjonisten på hotellet eg skal bu på den aktuelle veka!
- Vi dirigentar har lett for å tenke på oss sjølve som einsame ulvar, som er for oss sjølve. Og eg har hatt mine euforiske augeblikk aleine ved skrivepulten, der eg kjenner eg har knekt ein kode eller opplevd noko stort i møte med musikken. Men det som hende då me vart isolert, var at me mista moglegheita til å dele, å setje dette ut i livet, og det trur eg mange kjende på. Det hender jo dei fleste at ein har perioder med mindre å gjere, og ein kjenner fort då at ein mistar eit ledd i yrket, at ein ikkje får iverksatt det som bur i seg. Og det vil nok alle kjenne i ein slik situasjon.
Å finne riktig balanse i et yrke som kan kreve at en både er ekstrovert og introvert har vært en fin opplevelse for Bjørn, som mer enn noen gang verdsetter selve møtene.
- Eg er glad i å dirigere, undervise, glad i sjølve møtet med menneska som eg er saman med. Det er alltid inspirerande for meg!
Bli inspirert av Bjørn Sagstad og Trondheim Symfoniorkester: