Nye datoer for dirigentlaber
Ny dato: Dirigentlab med Manger Musikklag, Peter Szilvay & Trond Husebø
21. februar kl 11-16
Bergen
Kurset er i utgangspunktet fulltegnet, men send en epost til post@dirigentloftet.no om du ønsker å stå på venteliste
Dirigentløftet arrangerer i samarbeid med norske eliteensemble meisterklasseserien "Dirigentlab" der ulike ensemble og rettleiarar vert stilt til disposisjon for dirigentar i alle aldrar. På denne meisterklassen bidreg Manger Musikklag og dirigentane Peter Szilvay og Trond Husebø.
Repertoar: Eric Ball - "Resurgam" (I Shall Rise Again), og Derek Bourgeois - "Concerto Grosso".
Manger Musikklag har i ei årrekkje vore eit av dei leiande brassbanda både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Bandet har høg aktivitet med eit stort omfang konsertar og eit svært vidt repertoar, og har stadig besøk av velkjende og høgt meritterte dirigentar og solistar frå både inn- og utland.
Peter Sebastian Szilvay er ein ettertrakta norsk dirigent som ofte er å sjå på både operascener og framfor dei profesjonelle orkestra og ensembla i landet. Trond Husebø har dei siste åra etablert seg som eit nytt og spanande namn på musikkscena i Norge, og har også gjort seg bemerka i Skandinavia som ein lovande og energisk dirigent. Meir informasjon om begge desse dirigentane finn du på mangermusikklag.com/dirigentar.
Meisterklassane er opne for dirigentar i alle aldrar, og det vert gjennomført opptak etter søknad til Dirigentløftet. Det er også mogleg å vere passiv deltakar!
Ny dato: Dirigentlab med Opus 82 & Bjørn Sagstad
8. mai kl 11-16
Oslo
Repertoar: Alfred Reed – El Camino Real/ Kathryn Salfelder– Cathedrals/James Barnes– Fantasy variations on a theme by Paganini
Kurset er i utgangspunktet fulltegnet, men send en epost til post@dirigentloftet.no om du ønsker å stå på venteliste