Tilbake til alle arrangementer

Dirigentlab med Manger Musikklag, Peter Szilvay & Trond Husebø

Dirigentlab.jpg

Dato: 21. februar
Tid: kl 11-16
Sted: Bergen
Repertoar: Eric Ball - "Resurgam" (I Shall Rise Again), og Derek Bourgeois - "Concerto Grosso".


Kurset er i utgangspunktet fulltegnet, men send en epost til post@dirigentloftet.no om du ønsker å stå på venteliste

Dirigentløftet arrangerer i samarbeid med norske eliteensemble meisterklasseserien "Dirigentlab" der ulike ensemble og rettleiarar vert stilt til disposisjon for dirigentar i alle aldrar. På denne meisterklassen bidreg Manger Musikklag og dirigentane Peter Szilvay og Trond Husebø.

Manger Musikklag har i ei årrekkje vore eit av dei leiande brassbanda både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Bandet har høg aktivitet med eit stort omfang konsertar og eit svært vidt repertoar, og har stadig besøk av velkjende og høgt meritterte dirigentar og solistar frå både inn- og utland.

Peter Sebastian Szilvay er ein ettertrakta norsk dirigent som ofte er å sjå på både operascener og framfor dei profesjonelle orkestra og ensembla i landet. Trond Husebø har dei siste åra etablert seg som eit nytt og spanande namn på musikkscena i Norge, og har også gjort seg bemerka i Skandinavia som ein lovande og energisk dirigent. Meir informasjon om begge desse dirigentane finn du på mangermusikklag.com/dirigentar.

Meisterklassane er opne for dirigentar i alle aldrar, og det vert gjennomført opptak etter søknad til Dirigentløftet. Det er også mogleg å vere passiv deltakar!

Forrige
Forrige
20. februar

Nordiske klassikere med Ole Kristian Ruud #2

Neste
Neste
25. februar

digitalt fagtreff for dirigentlærere